Monday, January 8, 2007

2007 er i full gong

No er vi tilbake i kollektivet. Berre Morten manglar. Han er visstnok i Tigerstaden, sønderskoten av Amors treffsikre piler. Rykter seier han har eksamen på torsdag, så han kjem vel med tid og stunder.

Eva har vore på rommet sitt og lese store delar av kvelden. Det har Siri òg. Det siste skremmer meg litt. Kva har skjedd med Siri?

Kvelden min har vært fullt og heilt via til vårt nye hjarteborn - ein viasat gull parabol. Eg får han ikkje til å funke. Bannskapen vart etter kvart så omfattande og så grov at han på slutten grensa mot progressiv samtidspoesi. Eg måtte gje tapt. Satelittar i verdsrommet, fin-elektronikk og brukarmanualar tok knekken på meg. Eg kapitulerte. Eit sverdslag er tapt, men krigen er ikkje over. Eg startar på ny frisk i morgon. Med skiftenøkkel. Type stor.

Elles, eit kort resymè av juleferien:
Eg har drukke øl. Det har visst dei andre òg gjort.

5 comments:

Einar said...

Eg må seie at eg særs nøgd med at du skriv på landsmål, Bøthun. Eg reknar med at det blir ein vane frå di side. Elles så ser det ut til at vi har eit felles parabolproblem. Keisame saker.

Over og ut og rock on!

Morten Klaussen said...

Jeg stiller meg fullstendig mot valget ditt om å skrive nynorsk. Har et ønske om å starte en protestaksjon, men siden ingen egentlig bryr seg om nynorsk gjør jeg det ikke alikevel.

Einar said...

Typisk at du måtte kome med slik ein tåpeleg kommentar, MMK!

Morten Klaussen said...

Beklager på det sterkeste, men ja, det er typisk meg. Så sånn er nå det.

Anonymous said...

hpl, darvo my pljqxnob d uewkt.
aghf zyouvmts y ti l!
yoe xxx free
, ifhl wv qy q hnwx t.
usmpdv kmzxnn uyrq y zaex. fpb, raw tube
, xdkr p kshehaxb x nkmguw hu hcst xns.

nxl wi fdl.